Artiklar‎ > ‎

Etter Gullalderen

Forteljarpanel på Sjøfartsmuseet i Bergen,  29. oktober 2017 kl. 13-15.

(OBS: Desse tekstane er under arbeid) 

I mars i år, hadde Sjøfartsmuseet, Memoar og Skipperforeningen eit vellukka felles arrangement på museet. Seks av dei som tidlegare har blitt intervjua om sine sjømannsliv, var inviterte til å dela minner og refleksjonar i ein panelsamtale – eller eit «forteljarpanel», som eg likar å kalla det. Tema var «Gullalderen» - altså sjømannslivet i 50- og 60åra, då handelsflåten var på topp reint sysselsettingsmessig.

Me har lyst å laga denne typen arrangement minst ein gong til. Då tenkte me å fokusera på tida etter «gullalderen». Korleis utvikla sjøfartsnæringane og sjømannslivet seg etter midten av 1970-talet?

For svært mange vart det jo ein meir eller mindre mjuk overgang til supplyflåten eller petroleumssektoren. Det er gode grunnar til å spørja seg korleis den norske oljehistoria hadde sett ut, om ikkje sjøfolka hadde kome inn med sin kompetanse og erfaring så tidleg som dei gjorde?

Men heller ikkje i dag er sjøfarten berre petroleum. Korleis har utviklinga vore i handelsflåte og reiarnæringane?

Me kan jo ikkje få svar på alle slike spørsmål på eit par timar ein sundags føremiddag. Men me kan få delt ein del livserfaringar og -observasjonar frå fyrstehands kjelder til nyare sjøfartshistorie. 

Derfor har me invitert ei gruppeveteranasr somn alle har det til felles at dei opplevde "Gullalderen" - og heldt fram som sjøfolk tvers gjennom rasjonalseringar, NIS og utflaggingar. Samtaleleiar vert Bjørn Enes frå Memoar. Hn har intervjua dei alle saman på tomannshand. Hans plan er å styra samtalen slik at de vert ein slags raud tråd gjennom samtalen, ved å gi ordet frå den eine til den andre, med eit og anna spørsmål innimellom. Kjem ikkje forteljingane rennande av seg sjølve, så vil han hinta litt for å minna om ting han har høyrt dei fortelja under tidlegare intervju. 

Så langt har fylgjande inviterte sjøfolk sagt ja til å delta: 

 
 
Per Gustav Steimler: 

Var med på å bygge opp den norske supply-flåten.
 
 
Tom Grasbakken:

Var med på ei lang rekke eksperiment med hurtigbnåtar og andre måtar å drive sjøfart på enn den tradisjonelle - ofte i bokstaveleg talt ukjent farvatn, både juridisk, teknisk og geografisk. 
 
 
Gustav Jørgen Myklebust:

Gjekk mot straumen  - fyrst ved å søka seg over på borerigg medan sjøfolk flest tvilte på at denslags hadde noko framtid. Deretter ved å melda seg frivillig til multitasking, i staden for å halda på prinsippet om ein mann - ein jobb. 
 
 
Egil Røstvær:

Gjekk over i skipsbygging akkurat når BMV tok til å omstilla seg til oljheutstyr. Fylgde utviklinga av konstruksjon - spesialiserte seg på sikkerheit - og dermed bar det til sjøs att
  
  

Per Gustav Steimler 
Tom Grasbakken 
Egil Røstvær 
Gustav Jørgen Myklebust


Comments